Utdeling av 4- og 6-årsbok i Tørdal


Tørdal kyrkjelyd vil få invitere deg til å komme til Tørdal kyrkje for å få ei bok av kyrkjelyden. Desse bøkene (eller tilsvarande) har vore delt ut i nesten 30 år, og nå er det din tur til å få ho i gåve! På samlinga skal me gjere masse forskjellig, ulike oppgåver, leike, syngje, og lese frå bøkane for dykk. 

 

I fireårsboka møter me venene Lukas, Nora, Nina og William som alle får ein invitasjon til å komme til Kongens slott, utkledde som prinsar og prinsesser. Men dette er ikkje ein vanleg konge, og ikkje eit vanleg slott, men kyrkja i Vesleby der dei bur. Kven er då kongen tru?  

I seksårsboka møter me venene Erlend, Tuva og Stian som snart skal byrje på skulen.  Dei har ein hemmeleg klubb saman, og finn på mykje leven og moro. Tuva sin pappa er organist i kyrkja, og han kan så mange fine historiar som me trur du og vil like. 

Den norske kyrkje driv trusopplæring for alle born mellom 0-18 år, og denne invitasjonen går til alle døypte born som me har adressa til i vårt register. Men me ynskjer at ALLE born på kullet skal få tilbod om å vere med, så hjelp oss gjerne med å dele invitasjonen vidare. 

Spørsmål kan rettast til kyrkjelydspedagog Kristin Krogsgaard Helland (41303004)


Vennleg helsing frå utvalet for trusopplæring i Tørdal kyrkjelyd

TRYKK HER FOR PÅMELDING
 

Tilbake