Kjære deg som blir 4 eller 6 år detta året!
Tørdal kyrkjelyd vil få invitere deg som fyller 4 og 6 år til å komme til Tørdal kyrkje for å få ei bok av kyrkjelyden.
Me treffast til ei lita samling ein ettermiddag i forkant av sjølve bokutdelinga som skjer under ei gudsteneste.
På samlinga skal me gjere litt forskjellig - ulike oppgåver skal løysast, me skal ha litt hobbyaktivitet, leike litt og bli kjende. og kanskje ete litt god mat saman.
(invitasjon blir sendt ut)
Den norske kyrkje driv trusopplæring for alle born mellom 0-18 år, og denne invitasjonen går til alle døypte born som me har adressa til i vårt register. Men me vil at ALLE born på kullet skal få tilbod om å vere med, så hjelp oss gjerne med å dele invitasjonen vidare.
Påmelding og eventuelle pørsmål kan rettast til trusopplærar Rina Veronica Holte Froland
Tlf 41328016
e post: rina.veronica.holte.froland@drangedal.kommune.no
Vennleg helsing frå utvalet for trusopplæring i Tørdal kyrkjelyd!