Drangedal kirkelige fellesråd > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


4-års og 6-årsbok - samling og utdeling i Tørdal


Kjære deg som blir 4 eller 6 år detta året!

 

15. mars 2026 vil Tørdal kyrkjelyd  få invitere deg som fyller 4 og 6 år til å komme til Tørdal kyrkje for å få ei bok av kyrkjelyden.

 

Me treffast til ei lita samling ein ettermiddag i forkant av sjølve bokutdelinga som skjer under ei gudsteneste.

 

Samlinga er i Tørdal kyrkje torsdag 12. mars kl. 17.00-18.30.

 

På samlinga skal me gjere litt forskjellig - Me skal høyre ei bibelforteling, me skal ha litt hobbyaktivitet, leike litt og bli kjende. Og ete litt god mat saman.

(invitasjon blir sendt ut til dei me har registrert gjenom dåp, men arrangementet er for alle, om du er døypt eller ikkje)

Håpar å se deg!

Den norske kyrkje driv trusopplæring for alle born mellom 0-18 år, og denne invitasjonen går til alle døypte born som me har adressa til i vårt register. Men me vil at ALLE born på kullet skal få tilbod om å vere med, så hjelp oss gjerne med å dele invitasjonen vidare.

 

Påmelding og eventuelle pørsmål kan rettast til trusopplærar Rina Veronica Holte Froland

Tlf 41328016

e post: rina.veronica.holte.froland@drangedal.kommune.no

 

Vennleg helsing frå utvalet for trusopplæring i Tørdal kyrkjelyd!

Tilbake